Haustjakt på flått og hjortelusfluge

Denne saken er eldre enn to år

Under storviltjakta i haust skal jegerar hjelpe Veterinærinstituttet og Folkehelseinstituttet med å kartleggje utbreiinga av flått og hjortelusfluge. Kartlegginga vil gjere det mogleg å seie kvar det er størst risiko for sjukdom, og kva ein kan gjere for å minske denne faren. Registreringa skal gjerast via Internett-sida www.flattogflue.no

Mengda av flått og hjortelusfluger i norsk natur ser ut til å ha auka kraftig. Stadig fleire menneske og dyr får merke desse parasittane når dei ferdast i skog og mark. I visse område er det så ille at mange har slutta å bruke utmarka i dei verste periodane. Talet på flåttborne sjukdommar har auka både hos menneske og tamdyr.

– Ei overvaking av desse parasittane er heilt nødvendig, seier insektforskar og avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet, Preben Ottesen. – Flåtten er det dyret som spreier mest alvorleg smitte til mennesket. I tillegg er hjortelusfluga i kraftig ekspansjon og til stor plage for folk om hausten.

På ville dyr finn ein utrulege mengder flått. – Det er forska veldig lite kring korleis dei ville dyra har det når dei må leve med så mykje flått, seier leiaren for seksjon for vilthelse ved Veterinærinstituttet, Bjørnar Ytrehus, – men ein må jo tru at dette påverkar dyra.

– Hjortelusfluga trudde vi tidlegare var ufarleg, men hausten 2006 såg vi at mange elgar i Østfold, Akershus og Hedmark mista pelsen over store delar av kroppen på grunn av hjortelusflugeåtak, fortel Ytrehus. – Dei hardast ramma dyra klarte ikkje å halde på varmen, slik at dei fraus og svalt i hel om vinteren.

Trur på høg deltaking
Gjennom nettstaden www.flattogflue.no får jegerar informasjon om kvart steg i innsamlingsarbeidet – alt frå kvar på dyra dei skal leite etter flått og hjortelusfluge, kvar og korleis dei skal sende inn innsamla parasittar, og korleis dei via Internett skal registrere kvar dyret vart felt.

Nettstaden gir også generell informasjon om flått og hjortelusfluge, og om flåttborne sjukdommar hos menneske, husdyr og vilt. De registrerte funna vil bli synlege i kartløysingar på nettsida. Dermed blir det mogleg for jegerar og andre interesserte å følgje arbeidet og utbreiinga av flått og hjortelusfluge i nærområda sine.

All innsats og deltaking frå jegerane er frivillig. Men ettersom folk flest, og ikkje minst jegerar, er svært opptekne av flåtten og hjortelusfluga, reknar Veterinærinstituttet og Nasjonalt folkehelseinstitutt med høg deltaking.

Læringa som ligger i dette nybrottsarbeidet, vil også kome til nytte andre stader i verda, der flått utgjer ein enda større helserisiko. Mellom anna gjeld det i ei rekkje land i Europa.

Viktig forskingsarbeid
Føremålet med prosjektet er å kartleggje og synleggjere endringar i utbreiingsområda til skogflåtten (Ixodes ricimus) og hjortelusfluga (Lipoptena cervi). Desse endringane blir analyserte i forhold til endringar i klima, vegetasjon og landbruk og populasjonstettleik av dyr og menneske. På denne måten kan ein seie kva som gjer at flåtten og hjortelusfluga trivst eller mistrivst, og dermed få kunnskap som gjer at vi kan minske plagene. Informasjonen vil også vere grunnlag for diagnostikk av sjukdom hos menneske og dyr.

Kontaktpersonar:
Seksjonsleiar Bjørnar Ytrehus, seksjon for vilthelse, Veterinærinstituttet
E-post: bjornar.ytrehus@vetinst.no Tel.: 23 21 63 55

Avdelingsdirektør Preben Ottesen, avdeling for skadedyrkontroll, Folkehelseinstituttet
E-post: preben.ottesen@fhi.no Tel.: 22 04 27 27 (skadedyrtelefonen måndag–fredag kl. 13–14)

Del artikkel