Haren blei observert rundt ein gard i Øyer kommune nokre dagar og vart funnen daud i slutten av juli. Kadaveret blei frose ned. Veterinærinstituttet mottok harekadaveret til undersøking medio september. Det vart fastslege at haren døydde av harepest.
Harepest (tularemi) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis. Her i landet vert sjukdommen diagnostisert sporadisk hjå hare. Tularemi opptrer oftast i sommarhalvåret, og førekomsten varierar frå år til år. I fjor vart sjukdommen påvist hjå fire harar frå Austlandet (Valdres, Vestby og Askim) og ein frå Oppdal.
I desse jakttider er det viktig at jegerar og andre som ferdast ute i naturen, er merksame på harar som oppfører seg unormalt (til dømes er lite sky/går seint i drevet), eller dersom dei finn daude harar.
Tularemi ser ein oftast hjå viltlevande dyr, og haren er spesielt følsam. Haren døyr vanlegvis av blodforgifting 2-5 dagar etter at han har blitt smitta. Også mange smågnagarar kan døy av denne infeksjonen, men her er det stor variasjon mellom dei ulike artane. Ein del smågnagarar kan overleva og fungera som eit smittereservoar i naturen. Kjæledyr og husdyr er vanlegvis lite mottakelege for tularemi.
Tularemi kan også opptre hjå menneske (zoonose). For å unngå smitte må ein vera varsam med å handtera daude eller sjuke harar eller smågnagarar, og vera merksam på mogeleg ureining av vasskjelder. Jegerar bør ikkje handtera harar som verkar sjuke og oppfører seg unormalt i los. Hundar og kattar som har vore i kontakt med daudt eller sjukt vilt kan ha bakterien i munnhola og overføra smitten til menneske via sleiking eller bitt.
Kontakt det lokale Mattilsynet på telefon 06040 dersom du observerar sjukt eller daudt vilt.
Fakta om Harepest (tularemi)
Folkehelseinstituttets informasjon om harepest
Kontaktpersonar ved Veterinærinstituttet
Turid Vikøren, veterinær/forskar, Seksjon for vilthelse
Tlf. 23 21 63 51, E-post: turid.vikoren@vetinst.no
Berit Djønne, veterinær/seksjonsleiar, Seksjon for bakteriologi
Tlf. 23 21 63 23, E-post: berit.djonne@vetinst.no