Harepest/lemenpest (tularemi) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis, og ein ser sjukdommen oftast hjå viltlevande dyr som hare og smågnagarar. Haren er spesielt følsam og døyr vanlegvis i løpet av få dagar. I 2010 diagnostiserte Veterinærinstituttet vid geografisk utbreiing av tularemi hjå hare i Sør-Noreg, samtidig som det vart observert stor førekomst av smågnagarar. Smågnagarane er generelt mindre følsame for bakterien enn hare, og fungerer truleg som viktige smittespreiarar i naturen.
Året 2011 teiknar til å verta eit ekstraordinært smågnagarår, og det er sannsynleg at dette kan slå ut i form av mange tilfeller av tularemi hjå hare.
Ta kontakt med Veterinærinstituttet, eller det lokale Mattilsynet på telefon 06040, dersom du observerar sjuke eller daude harar. Diagnosen tularemi hjå hare stilles gjennom laboratorieundersøkingar som vert utført ved Veterinærinstituttet.
Folkehelseinstiuttet advarer mot å drikke vann direkte fra naturen
Flere tilfeller av harepest i Sør-Norge
Fakta om harepest (tularemi)
Kontaktpersoner Veterinærinstituttet
Turid Vikøren
Kjell Handeland