Gjellesjukdommar hjå oppdrettslaks i sjø har fleire årsaker og fører til store tap

Denne saken er eldre enn to år

Cand.med.vet. Agnar Kvellestad disputerer 10. og 11. desember for graden dr. philos. ved Norges veterinærhøgskole med avhandlinga ”Gill inflammation in Norwegian seawater-farmed Atlantic salmon – a study of aetiology and manifestation”.

Gjellesjukdommar hjå oppdrettslaks i sjø medfører store tap i enkelte år, og dei førekjem særleg om hausten hjå laks som er sjøsett om våren. Agnar Kvellestad syner i doktoravhandling  si korleis fleire ulike årsaker medverkar til desse sjukdommane.

Ein av sjukdommane, proliferativ gjellebetennelse (PGI), har vore kjend sidan 1980-talet. Tapa har vore størst på Sørvestlandet. Årsakene har vore delvis kjende og det er trong for auka kunnskap slik at ein kan gjennomføre førebyggjande tiltak i større grad enn kva som har vore mogleg til no.

I dette forskingsarbeidet er sjukdomsendringane ved PGI nærare beskrivne vha. lysmikroskopi (histologi). Årsakene til PGI er fleire. I denne studien vart ulike sjukdomsframkallande organismar påviste i gjellene til sjuk fisk. Miljøfaktorar sin påverknad vart vurderte.

Foto: Trygve Poppe

Foto Tryge Poppe

Eit til då ukjent virus, Atlantic salmon paramyxovirus, vart isolert og karakterisert. Viruset vart hjå sjuk fisk frå sjukdomsutbrot påvist i gjellevev med sjukdomsendringar, men det er ikkje dokumentert som ei primær sjukdomsårsak. Vidare vart det påvist to ulike bakteriar i gjellene, ein som var kjend frå tidlegare og ein ny, som finst i s.k. epiteliocyster og har fått namnet ‘Candidatus Branchiomonas cysticola’. Desse bakteriane kan vere blant dei primære årsakene til PGI. Parasittar, som vart påviste, synest å vere sekundære.  

Miljøfaktorar vart vurderte, basert bl.a. på registreringar i oppdrettsanlegg og data frå Havforskingsinstituttet (www.imr.no). Resultata tyder på at sjukdomsførekomsten heng saman med høg sjøtemperatur, spesielt om den er  høg i overflata i august.

Ein anna sjukdom, amøbe-indusert gjellesjukdom (AGD), vart første gong diagnostisert i Norge seinhaustes 2006. Den førekom då i anlegg yttarst på Vestlandskysten, dvs. på stader med høg saltkonsentrasjon. Spesielt i 2006 var sjøtemperaturen over det normale. Den var i august høg i overflata og seinhaustes høg djupare i sjøen. Denne sjukdommen har gjennom mange år vore eit stort problem i lakseopprett i Tasmania, og den kan i framtida komme til å gje store tap i norsk lakseoppdrett.

Forskinga er utførd ved Norges veterinærhøgskole og ved Veterinærinstituttet, og i samarbeid med andre forskarar ved desse institusjonane og i Austerrike og Irland.

Kunnskapen er med og dannar grunnlag for vidare forsking på gjellesjukdommar.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningene:

  • 10.12.2013, kl. 13:15 
  • Oppgitt emne: "Farming the oceans - new opportunities and new risks?"
     
  • 10.12.2013, kl. 14:15
  • Selvvalgt emne: "Human impacts on Norwegian marine environments"

Sted: Norges veterinærhøgskole, Auditorium 1, hovedbygningen

Tidspunkt og sted for disputasen:
11.12.2013, kl. 10:15, Norges veterinærhøgskole, Festsalen

 

 

Personalia:

Agnar Kvellestad er høgskolekandidat i miljøfag ved Telemark distriktshøgskole i 1975, cand.mag. i realfag ved Universitet i Oslo i 1979 og cand.med.vet. ved Norges veterinærhøgskole i 1984. Han har jobba innan næringsmiddelkontroll, med diagnostisering og forsking på fiskesjukdommar. Han har vore tilsett på Veterinærinstituttet, seksjon Fiskehelse, i periodane 1994-95 og 1998-2008. Han underviser no i anatomi ved Norges veterinærhøgskole.

 

Kontakt:
Tlf.: 22 96 46 24. E-post: agnar.kvellestad@nvh.no

Del artikkel