Framleis blyforgifting hos storfe

Denne saken er eldre enn to år

Blyforgifting er ei velkjend liding hos storfe. Den typiske forgiftingskjelda er blybatteri som folk har slengt frå seg, eller blyhaldige bålrestar som dyra får tilgang til ute. Kyr er nysgjerrige og liker å slikke på ting. Det er truleg derfor dei er meir utsette for slik forgifting enn andre husdyr. Større vekt på forsvarleg avfallshandtering har ikkje betra problemet.

Med auka merksemd kring avfallshandtering i samfunnet skulle ein vente at slike blyforgiftingar vart meir sjeldne. Men blyforgifting er framleis eit stort problem, og talet på saker som årleg blir stadfesta ved Veterinærinstituttet, held seg ganske jamt. Det er eit typisk sesongproblem – dei aller fleste forgiftingane skjer ute om sommaren.

Typisk sommarproblem
Sommaren 2008 har det vore fem saker der Veterinærinstituttet har stadfesta blyforgifting hos storfe. Stadfesting skjer ved blyanalyse av vevsprøver (blod eller lever/nyre) frå dyra. Blyforgifting er ofte svært dramatisk både på grunn av sjukdomsbiletet og fordi forgiftinga i regelen rammar fleire dyr.

Ein stor nok forgiftingsdose med bly gir sentralnervøse symptom. Først blir dyra ofte oppspilte, dei kan verke blinde og heilt ute av kontroll. Etter kort tid blir dei gjerne ustø og kan få krampar, bli komatøse og døy. Ei mindre dramatisk utvikling, gjerne ved lågare dose, er manglande appetitt, redusert vomaktivitet, diaré og teikn til mismot.

Behandling er mogleg tidleg i sjukdomsutviklinga
I mange tilfelle av blyforgifting har ein funne døde dyr på beitet utan at det er observert symptom. Dersom sjukdomsutviklinga ikkje har gått for langt, er det mogleg å behandle dyra intravenøst med kelatoren kalsiumdinatrium EDTA for å binde og skilje ut bly. Behandlinga må gjentakast fleire gonger og kan vere ei omfattande oppgåve dersom det gjeld mange dyr.

Blyforgifting hos andre dyr
I sommar vart det også stadfesta blyforgifting med sentralnervøse symptom hos to hundekvalpar som heldt til i verkstaden til ein glasblåsar som brukte blyhaldige stoff i produksjonen sin. Etter nokre dagar med behandling med den nemnde kelatoren vart kvalpane betre, og blynivået i blodet deira vart redusert til under faregrensa.

Hos ville dyr er blyforgifting spesielt vanleg hos svaner. Kjelda har først og fremst vore blyhagl som svanene plukkar opp frå sjøbotnen. Blysøkke kan også vere årsak til slik forgifting. Det ser ut til at blyforgifting hos svaner har vorte litt mindre vanleg dei siste åra. I så fall kan det tyde på at forbodet mot blyhagl har begynt å verke.

 

 

Del artikkel