Første tilfelle av harepest (tularemi) i 2012

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har diagnostisert harepest hjå to harar frå høvesvis Nord-Noreg og Austlandet. Dette er dei første påviste tilfella i 2012. Det kan ventast fleire tilfelle av denne sjukdommen hjå hare utover hausten. Menneske kan også bli smitta.

Den eine haren vart funne daud i Porsanger kommune (Finnmark) i siste halvdel av august, mens den andre vart funnen daud i Elverum kommune (Hedmark) i byrjinga av september. Granskingar ved Veterinærinstituttet har fastslege at dei to harane døydde av harepest.

Harepest (tularemi) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis. Ein ser sjukdommen oftast hjå viltlevande dyr som hare og smågnagarar. Haren er særs følsam og døyr vanlegvis i løpet av få dagar. Sjukdommen opptrer oftast om sommaren og utover hausten, og i år med stor førekomst av smågnagarar. I 2010 og 2011 diagnostiserte Veterinærinstituttet vid geografisk utbreiing av tularemi hjå hare her i landet.

Lite er kjent om faktorane som regulerar førekomsten av denne sjukdommen i naturen. Påvising av tularemi hjå hare er ein indikasjon på at smitten finst i området. Smågnagarar fungerar truleg som eit viktig smittereservoar og spreiarar av bakterien.

Tularemi kan også opptre hjå menneske (zoonose). For å unngå smitte må ein vera varsam med å handtera daude eller sjuke harar og smågnagarar, og unngå å drikka vatn frå usikra vasskjelder. Du kan lesa meir om korleis sjukdommen artar seg hjå menneske på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Kontakt det lokale Mattilsynet på telefon 06040 dersom du observerar sjuke eller daude harar. Harepest hjå vilt kan stadfestast ved laboratorieundersøkingar som vert utført ved Veterinærinstituttet.

 

Kontaktpersonar ved Veterinærinstituttet:
Turid Vikøren

Torill Mørk

Kjell Handeland

Del artikkel