Resultat frå Mattilsynet sitt overvakingsprogram for sjukdom på vill laksefisk viste få funn av sjukdomsframkallande virus som er vanlege på oppdrettsfisk.
Overvakingsprogram på villfisk
Det vart gjennomført testing for viruset som forårsakar pankreassjukdom (SAV), infeksiøs lakseanemi virus (ILAV), infeksiøs pankreasnekrose virus (IPNV), samt virusa som er assosiert med hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (PRV) og hjartesprekk (PMCV).
Med unntak av relativt hyppige førekomstar av PRV hos stamfisk av vill laks i ferskvann, resulterte overvakinga i få funn av sjukdomsframkallande virus som er vanlege på oppdrettsfisk. Det ser ut til at sjøaure ikkje er særleg mottakeleg for PD-virus (SAV), men kan vere naturleg infisert med låge nivå av viruset som er assosiert med hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (PRV).
Spørsmålet er om få funn av virus skuldast at villfisken ikkje er utsett for noko høgt smittepress av t.d. infeksiøs pankreasnekrose virus eller PD-virus, eller om det er vanskeleg å fange smitta villfisk fordi fisken kan blir alvorleg svekka og overlever i lita grad.
Virussjukdomar i oppdrett
Norsk havbruk har store tap på grunn av smittsame sjukdomar, og det gjeld særleg virussjukdomar. Talet på anlegg som fekk påvist pankreassjukdom auka i 2012, men ein har framleis klart å hindre at denne sjukdomen har fått etablert seg nord for Sør-Trøndelag.
Det er ei positiv utvikling i helsestatus til oppdrettsfisken for enkelte sjukdomar. Når det gjeld dei alvorlege sjukdomane infeksiøs lakseanemi og infeksiøs pankreasnekrose har det vore færre utbrot dei siste åra.
Last ned rapporten Annual report on health monitoring of wild anadromous salmonids in Norway
Kontakpersoner Veterinærinstituttet
Eirik Biering