Endra handtering av skrapesjuke

Denne saken er eldre enn to år

En ny doktorgrad har medverka til å endre måten vi handterer skrapesjuke på i EU og Noreg. Sjukdommen må handterast ulikt etter kva type skrapesjuke det er snakk om.

Petter Hopp viser at det er viktige skilnader mellom klassisk skrapesjuke og skrapesjuke Nor98, noko som har mykje å seie for forvaltninga av sjukdommen hos offentlege styresmakter og i sauenæringa. I motsetning til klassisk skrapesjuke er skrapesjuke Nor98 lite smittsam, og drastiske nedslaktingstiltak er derfor ikkje nødvendige.

– Dei viktigaste faktorane som aukar risikoen for at klassisk skrapesjuke blir overført mellom sauebesetningar, er handel med dyr eller nær kontakt mellom sauebesetningane på beite eller i avlssamarbeid. Dette støttar at klassisk skrapesjuke best blir kontrollert med tiltak som avgrensar kontakt mellom sauebesetningar gjennom dyr, seier Petter Hopp.

Men avhandlinga viser at skrapesjuke Nor98 skil seg frå klassisk skrapesjuke. Hopp fann ikkje faktorar som tydde på at smitte mellom besetningar skjedde ved flytting av dyr. Dette styrkjer oppfatninga om at dette er to ulike sjukdommar som må kontrollerast med ulike middel. Det kan også takast til inntekt for at skrapesjuke Nor98 kan vere ein sjukdom som kjem spontant hos sauen utan smitte på førehand.

Dette og andre forskingsprosjekt kring skrapesjuke frå Veterinærinstituttet har hatt verknad for endra og mildare kontrolltiltak som vart innførte i EU mot skrapesjuke Nor98 frå 1. juli i år. Dei nye reglane gjeld også i Noreg frå same dato.

Bonden er sentral i kampen mot sjukdommen
Hopp har også undersøkt strategiar for å overvake skrapesjuke i Noreg. Erfaringa i Noreg er at dei fleste sauebesetningane med klassisk skrapesjuke er oppdaga fordi bonden sjølv har rapportert om sjuke individ til veterinærvesenet.

I avhandlinga er det vist at den norske sauebonden generelt er interessert i å vere med på å kjempe mot sjukdommen, sjølv om kontrolltiltaka fører til at besetningar med klassisk skrapesjuke blir slakta ned.

– Det er viktig at sauebonden også i framtida er minst like årvaken som no når det gjeld skrapesjuke. Derfor må ein lære meir om dei faktorane som påverkar holdningane og viljen hos bonden til å rapportere, seier Hopp.

Skrapesjuke er ein smittsam, kronisk, nevrologisk sjukdom hos småfe. Det første skrapesjuketilfellet hos ein norskætta sau vart påvist i 1981. I 1990-åra var det ein auke av sauebesetningar med skrapesjuke som kulminerte med at skrapesjuke vart diagnostisert i 31 besetningar i 1996. Dette førte til oppstart av det norske overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke i 1997.

Cand.med.vet. Petter Hopp disputerte 5. desember 2007 for PhD-graden ved Noregs veterinærhøgskole med avhandlinga «Epidemiological studies of scrapie in the Norwegian sheep populations». Forskingsarbeidet vart utført ved Veterinærinstituttet.

Hovudmålet med forskinga har vore å auke kunnskapen om skrapesjukeepidemiologi for å kunne betre avgjerdsstøtta til offentlege etatar og husdyrbruket med omsyn til overvaking og kontroll av skrapesjuke.

Personalia
Petter Hopp kjem opphavleg frå Bærum. Han tok veterinærmedisinsk embetseksamen ved Noregs veterinærhøgskole 1986. Han har vore tilsett ved seksjon for epidemiologi ved Veterinærinstituttet i Oslo sidan 1995 og har arbeidd med forskingsprosjekt kring skrapesjuke sidan 1997.

Kontakt
Petter Hopp, tlf. 23 21 63 61, mobil: 474 15 146, e-post: Petter.Hopp@vetinst.no

 

Del artikkel