Mange svake eller daude lomvi er i det siste funne langs strendene og i bynære strok ved Oslofjorden. Veterinærinstituttet har obdusert nokre av desse lomviane. Det har dreia seg om ungfuglar og hovudfunnet har vore alvorleg grad av avmagring med total mangel på synleg kroppsfeitt og svinn (atrofi) av muskulatur. I tillegg er det påvist til dels rikeleg med innvollsmark av ulike typar i matrøyr, magesekk og tarm. Mage og tarmkanalen har hatt svært lite innhald.
Vi har også tidlegare undersøkt fuglar i samband med lomvi-invasjonar i Oslofjordområdet, seinast på same tid i fjor. Fuglane som vart undersøkt i år hadde same obduksjonsfunn som tidlegare år. Lomviane har truleg hatt dårleg tilgang på egna fiskeføde. Det er ikkje uvanleg å finna innvollsmark hjå slike svekka ungfuglar, og dette vil vera ei ekstra påkjenning i tillegg til matmangelen.
Kontaktpersonar
Fagansvarleg vilthelse Kjell Handeland
Viltpatolog Turid Vikøren