Antibiotikaresistens: Ønskjer å forske på alternativ til narasin

Denne saken er eldre enn to år

Antibiotikaresistens og -forbruk er eit prioritert tema for Veterinærinstituttet. Narasin-spørsmålet, som har vore debattert i media i det siste, er ein del av denne problematikken. Men å fjerne narasin utan å ha sett i verk andre tiltak vil kunne gi meir sjukdom og svekka velferd for slaktekyllingane.

Veterinærinstituttet har derfor søkt om pengar til eit forskingsprosjekt som har som mål å finne fram til alternative tiltak som kan erstatte narasin.

Den faglege bakgrunnen for den siste tidas diskusjon om bruken av narasin er ein svensk studie som reiser spørsmålet om bruken av narasin kan bidra til ein viss type antibiotika-resistens. Historia bak dette er at ein tidlegare brukte antibakterielle vekstfremjarar i slaktekyllingfôr. Eitt av desse stoffa (avoparcin) er kjemisk i slekt med vancomycin, som er eit viktig antibiotikum i humanmedisinen. Det vart etter kvart påvist at ei gruppe tarmbakteriar frå kylling hadde utvikla resistens mot vancomycin, noe som gir frykt for spreiing av resistens frå desse bakteriane til bakteriar som gir sjukdom hos menneske. På bakgrunn av dette vart avoparcin og andre vekstfremjarar ikkje lenger godkjende for bruk i slaktekyllingfôr (frå og med 1995 i Norge, frå 1989 i Sverige). Trass i dette forbodet har ein påvist vedvarande vancomycin-resistens i tarmbakteriar frå slaktekyllingar. Ein leitar derfor etter årsaker til at denne typen resistens ikkje har forsvunne. Ettersom narasin også har antibakteriell effekt og har blitt brukt i perioden etter at avoparcin-bruken tok slutt, er det naturleg å stille spørsmålet om narasin kan ha gjort sitt til at resistensen har vedvart. Enn så lenge er ikkje dette dokumentert, men det er viktig å skaffe meir kunnskap på dette området.

Litt om Narasin
Narasin er eit tilsettingsstoff (koksidiostatikum) som blir brukt i fôr til slaktekylling for å forebygge tarmsjukdommen koksidiose. Årsaka til koksidiose er eincella parasittar som skadar tarmslimhinna til kyllingane. Desse parasittane overlever så godt i miljøet at dei vil smitte kyllingar sjølv om ein gjennomfører gode hygienetiltak mellom kvar kyllingflokk. Dette er grunnlaget for at Mattilsynet har godkjent narasin og andre koksidiostatika til fjørfe.

Prosjektet
Prosjektet som Veterinærinstituttet ønskjer å gå i gang med, vil vurdere effekten av både alternative fôrtilsettingar og betydninga av ulike andre eigenskapar ved fôret. Prosjektsøknaden er initiert av Nortura og støtta av resten av fjørfenæringa og fôrindustrien. Dersom dette prosjektet blir finansiert og lykkast med sitt hovudmål, vil norsk slaktekyllingnæring kunne avslutte bruken av koksidiostatika om få år. Det vil i så fall vera ein milepæl i utviklinga av moderne slaktekyllingproduksjon, både i Norge og internasjonalt.

Les om saken også på Animalias nettsider

Les mer om narasin hos Mattilynet

Kontaktperson Veterinærinstituttet:

Magne Kaldhusdal

Del artikkel