«Etter den nye definisjonen er det ikkje lenger akseptabelt å berre bruke ei «halv» Éi helse-tilnærming. Det vil seie å utelate omsyn til miljøet når ein skal balansere og optimalisere mellom human helse, dyrehelse og plantehelse», skriv dei to i et lesarinnlegg i Nature Vol 600 23/30 desember 2021.
das Neves og Peters skriv at å oppretthalde biodiversitet og økosystem er sentralt for å unngå mellom anna zoonotiske sjukdommar og trekk linjer til COVID-19. Dei minnar òg om drivhuseffektar frå mellom anna husdyrhold og om overforbruk av ferskvann i jordbruket.
Den nye definisjonen tilseier at vi må jobbe saman tverrfagleg, på ulike samfunnsnivå og på tverrs av grenser forma av sektorar, institusjonar og fagmiljø. Den beste tilnærminga til Éi helse er om vi slik framover kan mobilisere for Éi helse.