Dette sa statsråd Jon Georg Dale då han opna jubileet på dagen 125 år etter at Veterinærinstituttet blei etablert i 1891.
Lengre ned i saken finn du lenke til video med alle innlegga frå dagen.
Det blei sagt mange gode ord om Veterinærinstituttet og kva resultata av verksemda her har hatt å seie for det norske samfunnet gjennom 125 år. Flerie av innleiarane dro fram verknaden innsatsen til Veterinærinstittutet har hatt og har i dag. Det er resultat som er synlege òg i større internasjonal målestokk.
Styrker dyre- og folkehelsa
Landbruks- og matminister Dale omtalte Veterinærinstituttet som det leiande offentlege laboratoriet innan dyrehelse, fiskehelse, fôr- og mattryggleik i Noreg. Gjennom 125 år har forskarar og fagfolk jobba for sunne dyr i gode miljø.
-Dette arbeidet har vore viktig for å styrke folkehelsa. I vår globaliserte verd, der folk, fisk og fe kryssar landegrenser i større grad enn før, sikrar Veterinærinstituttet sitt arbeid oss naudsynt beredskap og mot nye, smittsame dyresjukdomar, sa Dale, og la til:
-Og no høyrer eg at det er analysert nær opp mot eit tusen hjerneprøvar for skrantesjuke på ein og same dag. Det syner den imponerande evna dei tilsette har til å snu seg rundt og levere i beredskapssamanheng.-
Premissleverandør for fiskehelse
Tidlegare på dagen opna statssekretær Roy Angelvik fiskehelseseminaret med å påpeke at Veterinærinstituttet har følgt heile utviklinga innan norsk akvakultur frå den spede starten på 60-talet. Han innsatsen til Tore Håstein og hans medarbeidarar som ein av grunnpilarane då norsk oppdrettsnæring gjekk frå spede forsøk til å bli ei etablert næring.
-Òg i dag treng vi Veterinærinstituttet sin innsats innan beredskap, overvaking, diagnostikk og forsking. Vi har - og har hatt det lenge - ein god helsesituasjon for livet i sjøen langs norskekysten. Dette er vårt konkurransefortrinn saman med den unike kompetansen som er bygd opp.
-Innsatsen dykkar er avgjørande for at vi skal ha ei bærekraftig verdiskaping i Noregs nest største eksportnæring. God fiskehelse og god fiskevelferd er ikkje noko vi kan ta for gitt. Det må jobbast med, og det må følgjast opp fordi det har eigenverdi, det er viktig for omdømmet og det er lønsamt.
Avgjerande viktig
-Eit fagleg sterkt Veterinærinstitutt er avgjerande viktig for Mattilsynet, sa administrerande direktør Harald Gjein i si helsing til jubilanten.
Petter Arnesen frå Marine Harvest og Ola Hedstein frå Norsk landbrukssamvirke bruka òg store ord til å hylle jubilanten si rolle og hisitorie for å sikre ei berekraftig bioproduksjon, og dyrehelse og dyrevelferd.
Video: Innlegg frå jubileumsseminaret
- Styreleder Anne Karin Hamre
- Åpning ved statsråd Jon Georg Dale
- Kunnskap er grunnmuren i norsk Veterinærmedisin, ved Roar Gudding
- Samfunnsøkonomisk analyse av Veterinærinstituttet, ved Linda Nøstbakken NHH
- Kunnskapsbehov i rødgrønn sektor, ved Ola Hedstein
- Kunnskapsbehov i blå sektor, ved Petter Arnesen
- Takk til våre brukere, ved Tore Tollersrud
- Introduksjon av "Smakebiter", ved Janneche Utne Skåre
- Helt vilt!, ved Sylvie Benestad
- Eggsporesoppstopp, ved Ida Skaar
- Én helse - Fra ord til handling, ved Carl Andreas Grøntvedt
- Det er det (m)indre som teller, ved Arne Holst-Jensen
- ILA - et spørsmål om biosikkerhet, ved Trude M Lyngstad
- Hilsener til jubilanten
- Musikere Ingeborg Christophersen og Erik Skanke Høsøien
- Fredrik Høyer, slampoet
Video: Innlegg frå fiskeseminaret
- Velkommen til fiskeseminar ved Røy Angelvik, statssekretær NFD
- Veterinærinstituttets betydning for norsk havbruk ved Anne Gerd Gjevre
- Jo villere - jo bedre villfisk(helse)? Ved Åse Helen Garseth
- Bruk av epidemiologiske modeller i kontroll av smittespredning ved Edgar Brun
- Oppdrett av laks i lukket merd ved Arve Nilsen
- Samfunnsøkonomisk analyse av Veterinærinstituttet ved Frode Skjeret SNF
- Veien videre for Veterinærinstituttet i blå sektor ved Arne Flåøyen