Kurs og webinar

Her finner du en oversikt over kommende kurs og webinarer i 2025. På denne siden finner du også opptak fra diverse kurs og webinarer. 

Kurs om beiteforgifting hos produksjonsdyr

Mandag og tirsdag 1.- 2. september 2025 arrangerer Veterinærinstituttet todagars kurs for veterinærar i flotte lokale på Utstein Kloster hotell på nydelege Mosterøy i Rogaland.

Tema er beiteforgifting hos produksjonsdyr, og me har fått tak i fleire dyktige føredragshaldarar som skal oppdatera oss på det som er like aktuelt kvar einaste beitesesong. Programmet inneheld presentasjonar om mellom anna:

  • Giftige plantar i beitet
  • Mineralforgifting hos beitedyr
  • Forgiftingsmekanismar
  • Ny forsking
  • Kasuistikkar frå felt og obduksjon

Kurset er hovudsakleg utforma med tanke på veterinærar i produksjonsdyrpraksis, men også veterinærar i næring og forvalting vil ha interesse av tematikken.

Kursavgifta på 2700 kr. inkluderer alle måltid, og vil bli fakturert ved påmelding.

Hotellovernatting på Utstein Kloster hotell blir bestilt gjennom oss, men skal betalast direkte til hotellet. Les meir om hotellet her (lenke).

Ved spørsmål, ta kontakt med Elisabeth Skatvedt Jordal

→  Meld deg på kurset her.

Påmeldingsfrist er måndag 11. august.

Program, med atterhald om endringar

 

DAG 1

 

 

 

Tid

Emne

Føredragshaldar

 

10:00-10:30

Mingling og bli kjent

 

 

10:30-10:40

Introduksjon

Elisabeth Skatvedt Jordal, VI

 

10:40-11:40

Giftige plantar og forgiftingsmekanismar

Aksel Bernhoft, VI

 

11:40-12:40

Lunsj

 

 

12:40-13:10

Cyanobakteriar

Gunnar Sundstøl Eriksen, VI

 

13:10-13:50

Vanlege mineralforgiftingar på beite

Tore Sivertsen

 

13:50-14:10

Vanlege beiteforgiftingar hos storfe og småfe

Siv Meling, VI

 

14:10-14:30

Pause

 

 

14:30-14:40

Vanlege forgiftingar hos utegåande gris

Elisabeth Skatvedt Jordal, VI

 

14:40-14:50

Vanlege beiteforgiftingar hos hest

Jorunn Mork, VI

 

14:50-15:00

Vanlege beiteforgiftingar hos kamelidar

Michaela Falk, VI

 

15:00-15:10

Forgifting hos hjortevilt

Gunnar Sundstøl Eriksen, VI

 

15:30-16:00

Liten matbit;

 

 

16:00-18:00

Ekskursjon - sopp i beiteområde

Tur med soppsakkunnig

 

19:00

Middag

 

 

DAG 2

    

Tid

Emne

Føredragshaldar

 

08:30-09:15

Forgifting hos tamrein

Torill Mørk; VI

 

09:15-10:15

Forgiftingssaker frå  obduksjonsbordet

Cecilie Ersdal, NMBU,  Astrid Reenskaug, VI

 

10:15-10:40

Pause, utsjekk

 

 

10:40-11:00

Alveld: Før, no og framover

Forskarar ved Universitetet i Bergen

 

11:00-12:00

Andre årsakar til forgifting hos husdyr

Aksel Bernhoft, Gunnar Sundstøl Eriksen, VI

 
 

12:00-12:20

Mistanke om forgifting hos husdyr - sjekkliste

Undersøking, prøveuttak, diagnose

Michaela Falk, VI  Astrid Reenskaug, VI

 

12:20

Avslutning og lunsj

 

 

 


Opptak frå tidlegare webinar