Ein ny doktorgrad har medverka til å endre forvaltninga av skrapesjuke i EU og Noreg. Sjukdommen må handterast forskjellig ut frå kva type skrapesjuke det er snakk om. I motsetning til klassisk skrapesjuke er skrapesjuke Nor98 lite smittsam, og drastiske nedslaktingstiltak er derfor ikkje nødvendige.
Petter Hopp har i arbeidet sitt vist at det er viktige skilnader mellom klassisk skrapesjuke og skrapesjuke Nor98, noko som har stor betydning for forvaltninga av sjukdommen hos offentlege styresmakter og sauenæringa.
Dei viktigaste faktorane som aukar risikoen for at klassisk skrapesjuke blir overført mellom sauebesetningar, er handel med dyr eller nær kontakt mellom sauebesetningane på beite eller i avlssamarbeid. Klassisk skrapesjuke blir dermed best kontrollert med tiltak som avgrensar kontakt mellom sauebesetningar.
For skrapesjuke Nor98 vart det ikkje funne faktorar som tydde på at smitte mellom besetningar skjedde ved flytting av dyr. Dette styrkjer oppfatninga om at dette er to ulike sjukdommar som må kontrollerast med ulike middel. Det kan også takast til inntekt for at skrapesjuke Nor98 kan vere ein sjukdom som oppstår spontant hos sauen utan smitte på førehand.
Hopp har også undersøkt strategiar for å overvake skrapesjuke i Noreg. Erfaringa er at dei fleste sauebesetningane med klassisk skrapesjuke er oppdaga fordi bonden sjølv har rapportert sjuke individ til veterinærvesenet. – Det er viktig at sauebonden også i framtida er minst like årvaken som no når det gjeld skrapesjuke. Derfor må ein lære meir om dei faktorane som påverkar holdningane og viljen hos bonden til å rapportere, seier Hopp.
Denne saken ble publisert 18.06.2008.