Betre vaksine mot paratuberkulose

Paratuberkulosebakterien får innpass i tarmen gjennom spesialiserte celler i tarmslimhinna. Desse cellene finst i område av tarmen som er viktige i den immunologiske overvakinga av fordøyingstrekta.

Ólöf Guðrún Sigurðardóttir har forsvara avhandlinga si 27. april 2007, «Paratuberculosis in goats – a study of the uptake of Mycobacterium aviumsubsp. paratuberculosis and pathology of early subclinical infection», for dr.med.vet.-graden ved Norges veterinærhøgskole.

Paratuberkulose er ein sjukdom i slekt med tuberkulose, som i Noreg først og fremst rammar geit. Ny forsking kan medverke til utvikling av ein betre vaksine.

Paratuberkulose blir framkalla av ein bakterie (Mycobacterium avium subsp. Paratuberculosis) som er i slekt med tuberkulosebakterien. Medan tuberkulosebakterien er årsak til betennelse i lungene hos menneske, fører paratuberkulosebakterien til betennelse i tarmen hos drøvtyggjarar.

I Noreg er paratuberkulose først og fremst ein sjukdom hos geit. Sjukdommen gir ein tarmbetennelse som utviklar seg langsamt, og som gradvis fører til avmagring, nedsett yting og til slutt til døden.

Dei vaksinane som finst i dag, held sjukdomsfrekvensen på eit lågt nivå, men gir ikkje geit vern mot smitte med paratuberkulosebakterien. Ein nyare vaksine kan gi betre vern mot sjukdommen dersom han kan stimulere forsvarsmekanismar lokalt i tarmen. Dette kan vere mogleg dersom ein klarer å utnytte dei same opptaksmekanismane for vaksinen som for bakterien.

Studia til Ólöf Guðrún Sigurðardóttir har vist at paratuberkulosebakterien får innpass i tarmen gjennom spesialiserte celler i tarmslimhinna. Desse cellene finst i område av tarmen som er viktige i den immunologiske overvakinga av fordøyingstrekta.

Betennelsen ved paratuberkulosesmitte utviklar seg i desse områda og spreier seg gradvis utover i tarmen. Ved å levere vaksine gjennom desse spesialiserte cellene kan ein ved framtidig vaksinering setje i verk lokale, effektive forsvarsmekanismar i tarmen og dermed kunne gi drøvtyggjarar betre vern mot paratuberkulose.

Denne saken ble publisert 18.06.2008.