Webinar om helse og velferd hos gris

Veterinærinstituttets nasjonale kompetansesenter for produksjonsdyr ønskjer velkomen til kurs om helse og velferd hos gris. Kurset rettar seg mot veterinærar i praksis, forvalting og næring, men er ope for alle interesserte.

Kurset er delt i to, der me tysdag 16. april vil ha hovudfokus på velferd og onsdag 17. april konsentrera oss om helse.Webinaret finn stad kl. 11.30 til 15.00 begge dagar.

Me har vore så heldige å få med oss Inger Lise Andersen, professor i etologi frå NMBU, som skal snakka om aktuelle velferdsutfordringar hos gris. I tillegg byr me som vanleg på ei rekkje dyktige fagfolk og interessante presentasjonar både på helse- og velferdstematikken. Me gler oss til å tilby eit webinar med grisen i fokus, og som knyt saman praktisk sjukdomslære, diagnostikk og aktuell forsking på svinehelse- og velferd.

Kurset blir teke opp og vil bli lagt ut her på nettsidene våre for dei som ikkje får det med seg live, eller ønskjer ein repetisjon.

Påmeldingen er nå stengt.

Du vil få ein e-post som stadfestar påmeldinga, og når kurset nærmar seg sender me ut lenke for deltaking til alle påmelde.

  • Program tysdag 16. april
    TidEmneFøredragshaldar
    11.30 - 11.35IntroduksjonElisabeth S. Jordal, Veterinærinstituttet
    11.35 - 12.00Kor går grensa for vanskjøtselCecilie Mejdell, Veterinærinstituttet
    12.05 - 12.10Spørsmål 
    12.10 - 12.55Aktuelle velferdsutfordringar hos grisenInger Lise Andersen, NMBU
    12.55 - 13.10Pause 
    13.10 - 13.55Aktuelle velferdsutfordringar hos grisen, del 2Inger Lise Andersen, NMBU
    13.55 - 14.00Spørsmål 
    14.00 - 14.30Røkterfaktoren, haldningarKristian Ellingsen, Veterinærinstituttet
    14.30 - 14.50Næringa sitt arbeid med velferd hos grisEli Maria Stenklev, spesialveterinær, Nortura
    14.50 - 15.00Spørsmål og avslutning 
  • Program onsdag 17. april
    TidEmneFøredragshaldar
    11.30 - 11.35IntroduksjonElisabeth S. Jordal, Veterinærinstituttet
    11.35 - 12.20Vanlege patologiske funn hos grisMette Valheim, Veterinærinstituttet
    12.20 - 13.05Vanlege helseutfordringar hos smågris og slaktegrisCarl Andreas Grøntvedt, Veterinærinstituttet
    13.05 - 13.20Pause 
    13.20 - 14.05Vanlege helseutfordringar hos purker og spedgrisCarl Andreas Grøntvedt, Veterinærinstituttet
    14.05 - 14.10Spørsmål 
    14.10 - 14.50Næringa sitt arbeid med svinehelseElisabeth Nordbye, Norsvin og Sondre Naadland, Animalia
    14.50 - 15.00Spørsmål og avslutning 

Opptak fra webinaret

Hvor
Digitalt
Når
16. april 2024 kl. 11.30 - 17. april 2024 kl. 15.00