Webinar om blåtunge hos produksjonsdyr
I lys av blåtungesituasjonen i Norge inviterer Veterinærinstituttet til eit webinar onsdag 26. mars 2025 for veterinærar om blåtunge hos fleire mottakelege dyreartar. Webinaret, som arrangeres i regi av Veterinærinstituttets nasjonale kompetansesenter for produksjonsdyrer er gratis, men det er krav om påmelding.

Hausten 2024 vart blåtungevirus påvist i Noreg for første gong sidan 2009. Sjukdommen rammar drøvtyggarar og hjortedyr, og er ein liste 1-sjukdom som er meldepliktig til Mattilsynet.
Vi opplever at mange søkjer informasjon om sjukdomen i forkant av ein potensiell ny sesong med smitte, og ønskjer difor å tilby dette webinaret. Veterinærinstituttet, saman med føredragshaldarar frå NMBU, Mattilsynet og Animalia, vil gå gjennom det mest essensielle som gjeld blåtungevirus, sjukdomsteikn og utbrotutvikling, handtering og forvaltning. Det vil òg bli fokus på kva som er endra i 2025, og korleis vi førebur oss til ei eventuell ny smittebølgje.
→ Meld deg på webinaret her.
TEAMS-lenkje vil bli sendt til alle påmeldte same dag som webinaret vert halden.
Program
Tid | Tittel | Føredragshaldar |
13.00-13.05 | Velkomen, kort informasjon | Elisabeth Skatvedt Jordal, Veterinærinstituttet |
13.05-13.35 | Blåtunge; agens og sjukdom | Annette Kampen, Veterinærinstituttet |
13.35-13.40 | Spørsmål | |
13.40.14.00 | Den nyaste utviklinga - Viremiske kalvar, tankmjølkprøvar | Marie Krosness, Veterinærinstituttet |
14.00-14.05 | Spørsmål | |
14.05-14.15 | Pause | |
14.15-14.30 | Erfaringar frå haustens utbrot i Agder | Gunn Kristin Osaland, Mattilsynet |
14.30-14.35 | Spørsmål | |
14.35-14.55 | Ny sesong med blåtunge - kva endrar seg | Mattilsynet, Hovedkontor |
14.55-15.00 | Spørsmål | |
15.00-15.15 | Næringas tiltak i møte med ein ny sesong | Synnøve Vatn, Animalia |
15.15-15.20 | Spørsmål |
- Hvor
- Teams
- Når
- 26. mars 2025, kl. 13.00 - 15.20