Kurs i veterinært beredskapsarbeid

Veterinærinstituttet inviterer til nytt beredskapskurs våren 2024. Kurset er retta mot veterinærar i dyrehelseforvalting og i produksjonsdyrpraksis, og er lagt opp slik at både erfarne og nyutdanna veterinærar vil kunna ha nytte av kurset.

Kurset er todelt, med ein webinardel 29. april og ein fysisk kursdag 7. mai på Veterinærinstituttet på campus Ås.

Målet med kurset er å trena på korleis ein som veterinær førebur seg og handlar i ein beredskapssituasjon, og å hjelpa deltakarane til å bli trygge i si beredskapsrolle.

Webinardelen gir ei innføring i beredskapsarbeid og rollefordeling ved utbrot av listeførte dyresjukdomar, samt eit oversyn over aktuelle sjukdomar på frammarsj og diagnostiske kriterier.

Under det påfølgjande praktiske treningsopplegget på Ås vil deltakarane få øva praktisk på obduksjon og prøvetaking. Ein feltobduksjon kan styrka eller svekkja mistanken om alvorleg smittsam dyresjukdom, avdekka dødsårsak, eller gi informasjon som er viktig for førebygging og behandling. Me vil derfor bruka tid på å gå gjennom vurdering av organfunn ved obduksjon, samt målretta prøveuttak og innsending. Deltakarane vil også få tørrtrena på avliving av produksjonsdyr. På den måten får ein, innanfor trygge rammar og god fagleg rettleiing, trena seg på fleire ulike prosedyrar som er sentrale ved sjukdomsutbrot hos produksjonsdyr.

  • Program for webinar 29. april
    10.00 - 10.10Velkomen og info
    10.10 - 10.50Generell beredskap i Noreg
    10.50 - 11.10Kva kan VI bidra med i ein beredskapssituasjon
    11.10 - 11.30Beredskap på garden - først på staden
    11.30 - 12.00Lunsj
    12.00 - 12.20Beredskapsarbeid i næringa
    12.20 - 12.50Samarbeid om beredskap
    12.50 - 13.00Diskusjon, spørsmål
    13.00 - 13.15Kaffipause
    13.15 - 13.35Sjukdomar på frammarsj - gris
    13.35 - 13.55Sjukdomar på frammarsj - småfe
    13.55 - 14.15Sjukdomar på frammarsj - storfe
    14.15 - 14.35Sjukdomar på frammarsj - fjørfe
    14.35 - 14.45Spørsmål
    14.45Avslutning
  • Program for fysisk kursdag 7. mai
    09.00 - 09.15Velkomen
    09.30 - 12.30Obduksjon - trening i grunnleggjande obduksjonsteknikk, bruk av boltepistol
    12.45 - 13.45Lunsj
    13.45 - 15.05Smittevern og førebygging (auditoriet)
    15.05 - 15.20Handsaming av prøvar
    15.20 - 15.45Avslutning og spørsmål

Etter gjennomført kursopplegg er målet at deltakarane har tileigna seg praktiske og teoretiske kunnskapar og evner for førebygging og handtering av smittsame dyresjukdomar, er blitt tryggare og meir rollemedvitne.

Inkludert i kurset er lunsj og kaffi under den fysiske delen av kurset, samt undervising og forbruksmateriell.

Det er ikkje deltakaravgift på kurset, men reisekostnader må dekkjast av deltakar/arbeidsgjevar.

Påmelding gjeld begge kursdagane, det vil ikkje vera mogleg å melda seg på berre den eine dagen. 

Meld deg på kurset her

Frist for påmelding: 19. april 2024.

NB!
Ver tidleg ute. Det er plass til inntil 30 deltakarar på den fysiske kursdagen 7. mai, og dermed vil påmeldinga bli stengt etter dei 30 første påmelde, eller når påmeldingsfristen er passert.

Hvor
Digitalt: 29. april kl. 10.00 - 14.30. Veterinærinstituttet, Ås: 7. mai kl. 09.00 - 15.45
Når
29. april 2024 kl. 10.00 - 7. mai 2024 kl. 15.45