Lakselus (Lepeophtheirus salmonis

Lakselus (Lepeophtheirus salmonis) er ein naturleg ektoparasitt på laksefisk i saltvatn på den nordlege halvkula. Lusa et hud, slim og blod på fisken, og kan laga store sår dersom det er mange av dei på ein fisk. 

Vaksne holus med eggstrenger på villaks.
Vaksne holus med eggstrenger på villaks. Foto: Ketil Skår, Veterinærinstituttet.

Lakselus er listeført i Noreg (kategori F) og førekomst av lakselus på laksefisk i oppdrettsanlegg skal rapporterast til Mattilsynet kvar veke i følgje «Forskrift om bekjempelse av lakselus i akvakulturanlegg». 

Smittestoff og smittevegar

Lakselus er ein type fiskelus, som er krepsdyr i familien Caligidae. Det finst fleire nærståande artar av fiskelus, men den dominerande arten i Noreg på laks og aure er lakselus (Lepeophtheirus salmonis). I krepsdyrfamilien Caligidae finn vi også skottelusa (Caligus elongatus), som òg kan festa seg på laksefisk. Lakselusa veks ved å skifta skal. 

Dei vaksne lusa parar seg på fisken. Hoa slepper dei befrukta egga ned i to lange strenger som heng frå hennar genitalsegment. I løpet av livet kan ei ho laga minst 11 par slike strenger, kvar med fleire hundre egg. 

Egga blir klekka og set fri som det første av tre frittsømjande larvestadie, nauplius 1. Nauplius 2-stadiet blir til kopepodittar, som finn og infiserer fisken. I desse stadia, som kan vara i fleire veker ved låge temperaturar, kan lusa spreia seg over mange kilometer. 

Dei neste stadia, chalimus 1 og 2, sit fast på fisken ved hjelp av ein tråd som er festa i huda på fisken. Preadult 1 og 2 og vaksne lus kryp rundt på fisken, og det er desse som gjer størst skade. 

Sjukdomsteikn

Lusa et hud, slim og blod på fisken. Kor store skadane blir, heng saman med talet på parasittar på fisken, og på verten sin storleik og allmenntilstand. Mange parasittar på ein fisk kan laga store sår. Dei kan i neste omgang gje fisken problem med regulering av saltbalansen og gje opphav til sekundære infeksjonar. I verste fall kan alvorlege luseinfestasjonar vere dødelege for fisken. 

Diagnostikk

Oppdrettsanlegg er pålagde å telje lus på eit tilfeldig utval fisk frå anlegget kvar uke (annen kvar uke ved temperaturar under 4 °C). Teljinga gjerast normalt manuelt, men Mattilsynet har gjeve dispensasjonar til bruk av handteringsfrie metodar basert på kameraovervaking og billeddiagnostikk. 

Førekomst

Smittepresset frå lakselus blir påverka av kor tett fisken står, og det er vist at størst førekomst av lus finst i område med store mengder fisk. Oppdrett av laksefisk gjer lusa fleire vertar å formeira seg på. Fleire vertar tydar også større smittepress, både mellom oppdrettsfisk og mot ville laksefiskar. 

Lusa si utvikling heng saman med temperaturen, og ved høge sjøtemperaturar aukar smittepresset. Sjølv ved relativt få lus per oppdrettsfisk vil den totale produksjonen av lakselus frå desse vera mykje høgare enn på vill fisk, og desse parasittane utgjer eit stort smittepress mot ville laksefiskar. 

Overvaking

Eit overvakingsprogram styrt av Mattilsynet der Veterinærinstituttet koordinerer programmet, blei sett i gang i 2013 for å beskriva best mogleg effekten av legemiddel mot lakselus og for å gi råd om bruk av legemidlar for å kontrollera lakselus i oppdrett av laksefisk. Frå 2019 blei også resistens mot ferskvatn inkludert i programmet med ein feltstudie for å sjå etter skilnadar i resistens mellom lus frå områder med lav og høgare bruk av ferskvatn til avlusing. Programmet blei avslutta i 2023.  

Gå til overvakingsprogrammet for resistens hos lakselus

Førekomsten av lakselus på vill laksefisk overvakast årleg for å avdekke risikoen som lusesmitte frå oppdrett utgjer for bestandar av vill laks og sjøaure. Denne påverknaden er indikator i det såkalla Trafikklyssystemet for regulering av produksjonskapasiteten for oppdrett av laks og aure i ulike områder av norskekysten. Påverknaden vurderast utifrå overvakingsdataene saman med ulike modellberekningar, mellom anna berekningar av lakselusindusert dødelegheit av villaks frå Veterinærinstituttets risikomodell (sjå lenker til rapporter nedanfor). 

Sjå heimesida til Styringsgruppa for vurdering av lakseluspåverknad for meir informasjon om Trafikklyssystemet. 

Tiltak

Regelverket slår fast kor mange lus per fisk som er tillatne i eit oppdrettsanlegg. Tiltak mot lus må setjast inn slik at grensa for kor mykje lus som er lovleg ikkje blir overskriden. 

Det viktigaste tiltaket mot lus har tidlegare vore bruk av legemidlar, men no er det ikkje-medikamentelle tiltak som brukast mest både til førebygging og behandling av lakselus. 

I oppdrettsanlegg blir fisken behandla med legemidlar, eller ein brukar ikkje-medikamentelle tiltak. Legemidlane blir enten sette til i fôret (emamectinbenzoat eller flubenzuroner) eller blir gitt som bad (pyretroider, azametifos, hydrogenperoksid). «Badet» blir laga ved å dekka til merden med ein heil presenning, eller fisken blir pumpa inn i ein brønnbåt der den blir behandla i eit lukka system. Bademidlane blir doserte direkte i vatnet. 

Om nokre lus tåler ei behandling med legemidlar betre enn andre og dei finns i ein lusepopulasjon som blir behandla fleire gonger, vil lus som tåler meir verkestoff overleva, medan dei andre lusa døyr. Gena som kodar for slik toleranse vil dermed spreiast i populasjonen, og lusa kan bli resistent mot middelet. Me brukar å seie at lusa blir selektert for legemiddelresistens. I Noreg er det nå utbreidd resistens mot fleire av dei godkjende legemidlane mot lakselus. 

Fleire ulike ikkje-medikamentelle tiltak er tatt i bruk. Dei mest brukte ikkje-medikamentelle behandlingsmetodane er fjerning av lus ved bruk av oppvarma vann, ferskvann eller mekanisk børsting eller spyling. Metodane krev at fisken trengast og handterast, og bruk av ikkje-medikamentelle behandlingsmetodar har blitt sett i samanheng med dårlegare velferd, auka risiko for bakteriesjukdom (pasteurellose) og auka dødelegheit for fisken som behandlast. Eit anna ikkje-medikamentelt tiltak mot lus er bruk av rensefisk. Rensefisk et lus av laksen, og fisk som villfanga leppefisk eller oppdretta berggylta og rognkjeks kan brukast som rensefisk. For å sikre velferda til rensefisken skal rensefisk som ein hovudregel sorterast ut før laksen behandlast mot lakselus. Bruken av rensefisk har minka dei siste åra. Andre ikkje-medikamentelle tiltak er skjerming mot luselarvar (skjørt, nedsenka eller lukka merd, straumskjørt), helsefôr og avl. Laser blir også brukt som eit ikkje-medikamentelt tiltak mot lus. 

Eit anna tiltak for å minke luseproblemet i oppdrett er å korte ned tida fisken eksponerast for lakselus, ved å la fisken vakse seg større før den settast ut i opne merdar i sjø. Koordinering av periodane med brakklegging og produksjon i geografiske soner påverkar også luseutviklinga, men kan gi auka problem med lus det andre produksjonsåret samanlikna med om anlegga ikkje koordinerer produksjonen. 

Rapportar

Forskingsprosjekt

Les siste nytt fra Veterinærinstituttet

SAU.jpg
Alle nyheter